Villaksauksjonen 2019 Nydelig Yakutski-kniv for den sofistikerte fisker og jeger

Svein Ingvald Opdal starta med knivar etter kurs på Raulandsakademiet for 3 år sidan. Til no har han laga nærmare 150 knivar med slire. Han nyttar knivblad frå kjente norske, svenske og danske smedar.  

Opdal har heile mitt liv vore interessert i natur og miljø og engasjert seg i ulike saker. Dei siste åra har han vore dugnadsleiar i samband med Genbank Hardangerfjord sitt uttak av oppdrettslaks og fanging av laks og sjøaure til genbanken frå fire elvar i Kvinnherad.

Hans interesse for laks og sjøaure går attende til 1977 då dei flytta til Rosendal og han kunne fiska i 3 elvar i nærområdet. Frå midten av 90-talet har han fiska i Surna, Gaula og Lærdalselva. I siste elv fanga han ein laks på 17,5 kg med sjølvbygd stang og sjølvbunde flue. Fluebinding og stangbygging har han halde på med i mange år.

Utan at faktabasert informasjon vert delt, kan vi ikkje nå fram til forvaltninga, politikarane og  publikum. Redd villaksen fyller desse kriteria og fortener difor mi støtte.

Knivbladet er 153 mm langt, 23 mm bredt og tjukne er 4 mm handsmidd i 9XC  stål (ikkje rustfritt). Skaftet er i stabilisert frukttreknute med innlegg av bøffelhorn. Knivbladet er asymmetrisk slik knivane er i Yakutian regionen i aust Sibir og forma etter deira tradisjon, ein såkalt Yakutski-kniv. https://en.wikipedia.org/wiki/Yakutian_knife

Hva Antall Giver Verdi
Yakutian kniv 1 Svein Ingvald Opdal NOK 1 500

 

Del dette innlegg
Share on Facebook
Facebook
Tweet about this on Twitter
Twitter